Produkt

Turkart
Mesterkart har produsert turkart for alle deler av landet. Sju av desse karta har fått prisen «Beste kart» under Geoforum si årlege kartutstilling, og eitt har fått prisen «Excellence in cartography» under ei stor internasjonal kartutstilling. Kartgrunnlaget for turkart er digitale kartdata frå Kartverket, samt lokalt innsamla data. Mesterkart var den første kartprodusenten i Norge som byrja å trykke turkart på vannfast kartpapir. Det gjer vi framleis.

Turkart Tromsø (eitt av fire kartblad)
Utsnitt frå turkart Tromsø
Turkart Meløy kommune
Turkart Meløy kommune - tekstside
Turkart Sulitjelma og Junkerdal nasjonalpark
Utsnitt frå turkart Sykkylven


Veggkart
God kartografi kan gjerne hengast på veggen i form av eit veggkart. Karta kan skrivast ut på vår eigen storformatskrivar (opp til omlag 2 x 1 meter), direkte på stiv plate (opp til 3 x 2 meter), og på tapet (her er det storleiken på veggen som avgjer). Vi har eigen rammemakar som laminerer og rammar inn karta, om det er ønskjeleg. Veggkart kan også lagast av flybilder (ortofoto) i kombinasjon med høgdekotar og stadnamn.


Veggkart på privat hytte


Eit populært veggkartprodukt er Hyttekart, som er dekorative veggkart i målestokk 1 : 50 000. Definer ditt eige kartområde, og hent ferdig innramma kart på ditt lokale postkontor. Meir informasjon på www.hyttekart.no.


Hyttekart


Kart til bøker
Mesterkart har laga kart til mange bøker, ikkje minst til turbøker, men også til kartbøker som dekker heile landet, inkludert namneregister. Vi har gode rutiner både til kartbladinndeling og til å generere eit stort antal kart på kort tid.


Kart til informasjonstavler
Vi lagar også kart til informasjonstavler, gjerne i samarbeid med firma som utformar andre deler av informasjonstavla.


Geografisk analyse
Her brukar ein gjerne eksisterande kartinformasjon til å finne nye eigenskapar ved landskapet. Ei typisk oppgåve er å finne dei plassane som er best eigna til eit bestemt føremål. Eller til å finne stader der ein f.eks. ikkje bør bygge bustadhus. Vi programmerer geografisk analyse i ESRI Arc Toolbox, og presenterer resultatet på kart eller i tabellform.


Geografisk analyse finn solinnstråling (mottatt energi) i vekstsesongen


FKB-kartdata og ortofoto
Mesterkart er ein av Kartverket sin forhandlarar for FKB-kartdata og ortofoto (georefererte flybilder).


Eksempel på ortofoto

Mesterkart, Sanddalen 83, 6847 Vassenden, Telefon: 466 67 067, E-post: tonning@mesterkart.no