Mesterkart

 

Produkt
 

Skrytealbum
 

Diplom
 

Ordliste
 

Om Mesterkart
 

Ta kontakt

Om Mesterkart  -  organisasjonsnummer 986 615 865 MVA

Mesterkart tilbyr framstilling av kart til ei rekke ulike føremål. Karta blir laga på oppdrag frå kundane våre, og kan vere alt frå ein enkel liten kartillustrasjon til store kart som skal trykkast i mange tusen eksemplar. Karta blir laga med utgangspunkt i siste versjon av Statens kartverk sine digitale kartdata.

God kartografi er eit kjenneteikn for alle kart frå Mesterkart. Det er forskjell på kart, og Mesterkart sørgjer for at desse forskjellane kjem kundane våre til gode.

Vi har høg kompetanse, gode rutinar, og det beste av tilgjengeleg utstyr og programvare. Dette sikrar ei moderne og effektiv produksjonsløype.

Mesterkart er også forhandlar av alle digitale kartdata frå Statens kartverk og Geovekst.

Mesterkart vart skipa av Tore Tonning i 2004. Tonning har hovudfag i geometrikk frå Geografisk institutt ved Universitetet i Oslo. Frå 1998 til 2002 var han tilsett hos Statens kartverk Sogn og Fjordane. Arbeidsoppgåvene der var blant anna geografisk analyse og kartproduksjon. Frå 2002 til 2006 var han tilsett hos Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). Også der var arbeidsoppgåvene framstilling av kart, spesielt rundt temaet utbygd vasskraft, og geografisk analyse (blant anna generering av elvenettverk og utrekning av vindkraftpotensiale).

Fleire av karta som Tonning har laga har fått premiar på kartustillingar, både nasjonalt og internasjonalt. Blant anna har Turkart Gloppen og Fylkeskart Rogaland har begge fått førsteprisen under International Cartographic Association si store kartutstilling. I kartbransjen blir dette rekna som verdsmeisterskapen i kartografi.

 

Mesterkart, Veelsmyra 43, 1634 Gamle Fredrikstad              Telefon 466 67 067